Faktisk.

Skifte­ge­byret som Senter­par­tiet hissar seg opp over, er med på å finansiere deira eige alternative stats­bud­sjett

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix.

Påstand

Dette skiftegebyret Senterpartiet hissar seg opp over på #polkvart er altså med og finansierer Senterpartiet sitt alternative statsbudsjett.

Sveinung Rotevatn, Venstre. Twitter, 20.02.2018

Konklusjon

Senterpartiet oppdaga ikkje forslaget om å innføre eit skiftegebyr på 1130 kroner i regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett. Dermed tok dei heller ut ikkje dei nesten 20 millionane i inntekter frå sitt alternative budsjettforslag. Rotevatn har dermed rett i at skiftegebyret, som Sp no er sterkt imot, var med på å finansiere budsjettforslaget deira. Samstundes har Sp i ettertid sikra fleirtal i Stortinget mot å innføre gebyret.

Påstanden er helt sann.

«Gebyr for å døy» har Senterpartiet kalla det nye gebyret for å få skrive ut skifteattest når nokon døyr. Attesten stadfestar kven som er arving og som dermed kan disponere buet. Fram til no har det vore gratis å få ein slik skifteattest, men frå 1. juli 2018 ønskjer regjeringa å innføre eit gebyr på 1130 kroner.

Det nye gebyret vart vedteke som ein del av statsbudsjettet for 2018, men gjekk under radaren for dei aller fleste. Da justis- og beredskapsminister Sylvi Listhaug (Frp) sende forslaget ut på høyring, kom det sterke reaksjonar frå mellom anna Senterpartiet. Saman med Ap, SV og KrF har Sp no fleirtal i Stortinget for å stoppe regjeringa sitt forslag, ifølge Vårt Land.

Leiar i næringskomiteen, Geir Pollestad (Sp). Foto: Berit Roald / NTB scanpix.

Skiftegebyret var tema i Politisk kvarter på NRK 20. februar. Da leiar av næringskomiteen Geir Pollestad (Sp) møtte Henrik Asheim (H), leiar av finanskomiteen til debatt, sa Pollestad:

Eg må seie (...) at det er både grådig og småleg at regjeringa no skal komme og krevje 1130 kroner for å utstede ein slik attest. Dette føyer seg inn i eit mønster der nokre få får store skattelette, medan dei mange, altså folk flest, opplever auka avgifter, auka gebyr.

Statssekretær på Twitter

Dette fekk statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet, Sveinung Rotevatn (V), til å twitre:

Rotevatn hevdar at det nye skiftegebyret ligg inne i Senterpartiet sitt alternative budsjettforslag. Når Faktisk.no ber han om dokumentasjon for påstanden, sender Rotevatn ei utfyllande forklaring på e-post.

Statssekretæren viser til budsjettvedtaket Stortinget gjorde 11. desember 2017, kor det i forslaget frå regjeringa – etter Rotevatn si meining – var grundig gjort greie for det nye gebyret. Han skriv:

Justiskomiteen, herunder Senterpartiet, hadde ikkje merknader til forslaget, jf. omtale i Innst. 6 S (2017–2018).

– Medviten politikk frå Sp

Rotevatn viser også til at i Senterpartiet sitt alternative budsjett for 2018 er satsingar til gode føremål og innsparingar på justisområdet detaljert lista opp med opplysning om at «(t)allene er endringstall i forhold til regjeringens forslag til statsbudsjett for 2018».

Skiftegebyret er ikkje reversert i oversikta over Senterpartiet sine satsingar.

I Stortinget stemte Sp for sitt alternative forslag til rammevedtak, utan å reversere regjeringa sitt skiftegebyr. Rotevatn meiner dette tyder på ein «medviten politikk» fra partiet si side:

Når Senterpartiet ikkje fjernar gebyret frå sitt alternative budsjett, men tvert imot brukar inntektene frå dette på ulike gode føremål, må eg nesten gå ut frå at dette er ein medviten politikk. At dei no plutseleg skal vere veldig mot eit gebyr dei sjølve budsjetterer med inntekter frå, står ikkje truande. Det må skrivast på kontoen for rein opportunisme.

Oppdaga ikkje gebyret

Finanspolitisk rådgjevar i Senterpartiet, Geir Indrefjord, viser til at det ikkje står noko om skiftegebyret i partiet sitt budsjettframlegg. I ein e-post til Faktisk.no skriv han:

Senterpartiet sitt budsjettframlegg er i likskap med budsjettframlegga frå alle andre parti, eit endringsframlegg til regjeringa sitt framlegg til statsbudsjett. I regjeringa sitt framlegg ligg det tusenvis av posteringar og underpunkt. Senterpartiet er usamd i mange punkt i statsbudsjettet, men som eit ansvarleg parti kan vi ikkje føreta endringar på alle punkt.

Indrefjord forklarer at Sp gjennom ein grundig prosess i partigruppa og partiorganisasjonen i staden vel ut nokre hundre endringar som dei legg inn i det alternative statsbudsjettet sitt. Skiftegebyret var ikkje blant punkta som vart endra. Indrefjord forklarer kvifor:

Eg trur ingen hos oss eingong var klar over at regjeringa planla eit slikt gebyr før det vart sendt varsel om høyring på dette 1. februar 2018. Vi ser no at det i ein kort passus i ein usentral del av budsjettproposisjonen på justisfeltet står noko om skiftegebyret, men det går her ikkje fram at det er tale om eit vedtak eller at det skal vere kalkulert med inntekter frå dette gebyret.

Varsla høyring

Det nye skiftegebyret er omtalt i budsjettproposisjonen til Justis- og beredskapsdepartementet. Under overskrifta «Nytt gebyr for skifteattest m.m.» på side 78 står det:

Foto: Skjermdump/budsjettforslaget til Justis- og beredskapsdepartementet 2018.
Før arvinger kan disponere over et dødsbo, må de ha en attest som legitimerer dem som arving til boet. Det foreslås at det innføres et gebyr for domstolenes utstedelse av skifte- og uskifteattester og ved tingrettens utstedelse av fullmakter til å disponere over bo av mindre verdi.

Vidare heiter det at:

Forslaget innebærer en lovendring som må på høring. Det tas sikte på at gebyret kan tre i kraft med virkning fra 1. juli 2018.

Nesten 20 millionar kroner

Senterpartiet meiner at det i budsjettproposisjonen ikkje går fram at det er snakk om eit vedtak eller at det skal vere kalkulert med inntekter frå det nye gebyret. På side 81 i dokumentet, under løyvingar til domstolane, er det nye skiftegebyret igjen omtalt:

Foto: Skjermdump/budsjettforslaget til Justis- og beredskapsdepartementet 2018.
Bevilgningen foreslås økt med 19,8 mill. kroner i forbindelse med innføring av nytt gebyr for skifteattest.

Regjeringa hadde dermed kalkulert med inntekter på nesten 20 millionar kroner fra skiftegebyret det siste halve året av 2018. Det oppdaga verken Sp eller dei andre partia som no er imot skiftegebyret.

Sp tok grep

Ifølge Indrefjord var det sannsynlegvis ingen i Senterpartiet som hadde kjennskap til gebyret før dei las at det skulle ut på høyring. Da tok partiet grep med ein gong, forklarer Indrefjord:

Vi har vore svært tydelege frå første stund vi fekk kjennskap til gebyret.

Det er riktig at Senterpartiet tok grep så fort dei oppdaga det nye gebyret, men Rotevatn har samstundes rett i at dei ikkje reverserte det i sitt alternative framlegg til statsbudsjett. Dermed budsjetterte Sp med nesten 20 millionar kroner i inntekter frå eit gebyr dei i ettertid har sagt dei er imot, og påstanden til Rotevatn er heilt sann.

Vipps oss

Ønsker du mer fakta i hverdagen?

Tips oss

Vet du om noe vi bør faktasjekke?