Artikkel
Dette veit me om nødhjelpa ved Gaza-grensa
Kvifor står pallane på vent medan folk på Gaza svelt?

Ein mykje delt video publisert 1. august viser tonnevis med nødhjelp som har hopa seg opp utanfor Gaza. Eskene kjem frå blant anna FN, UNICEF og UAE Aid.
I videoen vandrar den amerikansk-israelske journalisten Emily Schrader mellom pallane.
Ho hevdar at desse har stått på Kerem Shalom-kontrollposten i vekevis. Brødet råtnar i sola fordi FN ikkje gjer jobben sin, som ho gjentar i eit anna intervju.
På videoen ser me blant anna poser med mjøl, medisinar, hermetikk og brød.
«Bak meg står nødhjelp frå Egypt, og som de kan sjå sit ho og råtnar i sola. Ho råtnar bokstaveleg talt, råtnar fordi FN ikkje hentar ho», seier Schrader til kamera [journalisten si omsetting].
I skildringa til videoen har ho skrive at det er openlyst at det ikkje er Israel som hindrar nødhjelpa i å komme fram.

22. august erklærte FN hungernød i Gaza By. Det er første gang IPC (FN sin matsikkerheitskala) blir brukt i Midtausten.
Når FN bruker IPC for å klassifisere hungersnød, tyder det at tre parametrar er nådd: ekstrem matmangel, akutt underernæring og dødsfall som følge av sult.
Stemmer påstandane om nødhjelpa? Kvifor kjem ho ikkje fram?
Få Faktisk.no rett i innboksen. Klikk her for å melde deg på vårt ukentlige nyhetsbrev.
Dette veit me om videoen og journalisten
Videoklippet som er spreidd på sosiale medium skal vere frå eit besøk ved Kerem Shalom grenseovergang 1. august i år. Senteret ligg vest i Israel like nedanfor grensa til Gazastripa.
Faktisk.no har etablert at videoen er ekte og ikkje fabrikkert.
Det er den amerikansk-israelske journalisten Emily Schraber frå ILTV Israel News i Tel Aviv som er kjelda til videoen.
Når Faktisk.no tar kontakt med Schrader tre veker seinare, hevdar ho at tala har stige til om lag 9000 lastebilar med nødhjelp.
Til Faktisk.no fortel ho at desse tala er henta frå COGAT (Israel’s Coordinator of Government Activities in the Territories). Dette er ei eining som ligg under det israelske militæret.

EU melder at altfor få lastebilar med nødhjelp kjem inn på Gaza med snaue 40 køyretøy for dagen. EU krev minst 160 lastebilar som eit absolutt minimum.
Israel avviser tala og hevdar at om lag 300 lastebilar køyrer inn dagleg, ifølge Reuters.
– Langt frå tilstrekkeleg
I mai 2025 overtok GHF (Gaza Humanitarian Foundation) hovudansvaret for utdelinga av nødhjelp. Stiftinga er støtta av USA og Israel.
Den norske utanriksministaren Espen Barth Eide har kritisert måten GHF opererer på i bistandsarbeidet.
UNICEF Norge fortel at organisasjonen deira per 27. juli har lossa 202 lastebilar med livreddande forsyningar ved grenseovergangane.
Dette inkluderer vaksinar, terapeutisk ferdigmat (RUTF), energikjeks, bleier, hygieneartiklar og hjelpemiddel for personar med nedsett funksjon.
– Hjelpa som kjem inn er langt frå tilstrekkeleg. Berre for å dekke det grunnleggande behovet for mat for dei 2,1 millionar menneska, krevst meir enn 62 000 tonn basisvarar per månad, seier senior-kommunikasjonsrådgjevar i UNICEF Norge, Anne D. Nilsen.
Per 14. august fortel Nilsen at 2000 ferdiglasta trailerar står klare ved grenseovergangane til Gaza, men at dei enno ikkje har fått løyve til å frakte dei inn. Dette stadfestar også Genève-kontoret til UNICEF.
Utifrå kva kjeldene fortel til Faktisk.no, kjem nødhjelp inn på Gaza. Men det er usemje om kor mykje bistand som reelt kjem inn.

Komplekse utfordringar
Alle forsyningane som kjem inn på Gaza via vann, luft eller land, må vente på grønt lys frå Israel. Dei kontrollerer kva for nødhjelp som kjem inn utanifrå.
UNICEF-kontoret i Genève fortel at dei manglar trygge rammer for å levere nødhjelp. Dei har etterspurt full våpenkvile for å få til dette.
– Bilda av nødhjelp på pallane reflekterer dei komplekse, logistiske og sikkerheitsmessige utfordringane i å frakte varer inn på Gaza. Det står ikkje på mangel på vilje eller at dei er etterlatne medvitande, seier kommunikasjonsrådgjevar Joe English frå kontoret i Genève.
UNICEF viser til avgrensa tilgang over grensa via Israel som eit hinder for å levere nødhjelpa.
Øydelagd infrastruktur, utsett kontroll av eskene frå israelske myndigheitar og ingen trygge korridorar for dei tilsette, forsinkar bistanden.
Hevdar feil i søknadar
Ifølge Schrader manglar Israel dokument frå bistandsorganisasjonane for å levere bistand. Dette er ei av årsakene til at nødhjelpa ikkje får krysse grensa, fortel ho. Eit av krava er informasjon om kva eskene nøyaktig inneheld.
Papirarbeidet heng saman med dei nye retninglinjene som Israel innførte for internasjonale bistandsorganisasjonar på Gaza.
Desse tredde i kraft i mars i år. I mai overtok GHF distribusjonen av nødhjelp på Gaza.
Internasjonale bistandsorganisasjonar som opererer på Gaza må no registrere seg og søke om autorisasjon av Israel for å levere nødhjelp.
Dei må også levere ei oversikt over private donorar og ei liste av alle palestinske tilsette i staben. Israel krev òg sensitive opplysningar dei meiner har sikkerheitsmessig verdi for staten.
Søknaden kan bli avslått på vage politiske kriterier, for eksempel viss arbeidet blir oppfatta som ledd for å delegitimere Israel.
ICRC (Den internasjonale Raude Kors-komiteen) pålegg okkupasjonsmakter å legge til rette for upartisk bistand for sivilbefolkninga.
Meiner sult blir våpen
Bistandsorganisasjonar fryktar at opplysninga om dei tilsette kan utsette dei for større risiko for å bli skada eller drepne. 98 prosent av drepne bistandsarbeidarar på Gazastripa var palestinarar, ifølge NRC.
OCHA og NRC meiner at registreringskravet blir brukt for å hindre mat og nødhjelp frå å nå fram på Gaza, og for å ekskludere palestinske aktørar frå å gi bistand.
Innstrammingane skjer samstundes som Israel går hardare militært til verks mot Gaza.
Nødkoordinatoren Aitor Zabalgogeazkoa for MSF (Leger uten grenser) kallar registreringssystemet av GHF for «væpna sult» som skal tene politiske og militære mål.
Faktisk.no har vore i kontakt med ein talsperson frå IDF for å hente inn kommentarar frå offisielt hald i Israel. Trass i lovnad om svar derifrå, har ikkje dei gjentatte skriva fått svar.