Artikkel
Større valfridom har ført til mindre pappaperm
Kvar gong fedrekvoten blir kutta, tar fedrane kortare permisjon, viser erfaringa frå nordiske land. Fedre som tar permisjon, får fleire barn.

Alexei Ivanov sit i ein sakkosekk i biblioteket og forsøker å ha kontroll på ei nysgjerrig, lita jente.
– Eg trur at fedrar ikkje hadde tatt permisjon om det ikkje var for fedrekvoten, seier Ivanov.
Han stoppar midt i setningen, for ettåringen har krabba av gårde og han må springe etter. Til vanleg er han anestesilege, men han skulle gjerne hatt litt lengre pappaperm.
– Inntrykket mitt av haldningar om pappapermisjon er at ein berre skal ta fedrekvoten. At det blir litt uvanleg å ta lengre enn du må, forklarer Ivanov.
I dag «må» dei fleste i praksis ta pappaperm, fordi familien mistar dei vekene om far ikkje tar dei. No er det nytt liv i diskusjonen om å fjerne fedrekvoten heilt.
Under ei sending på Debatten (NRK) sa den nye leiaren i KrFU, Ingrid Olina Hovland, at delar av likestillinga har gått altfor langt.
Hovland ønskar å fjerne fedrekvoten og la foreldra sjølv fordele permisjonen:
«Eg meiner ikkje det er politikarane si oppgåve å bestemme kor mykje permisjon mødrer og fedrar skal ta ut. Det må dei få lov til å finne ut av sjølv utan at politikarane skal komme inn i stova deira og seie at dei veit betre.»

Eit argument mot fedrekvoten er at nær halvparten av mødrene (49 prosent) tar ulønna permisjon for å kunne vere lenger heime med barnet enn mødrekvoten varer.
Men kva seier erfaringa vil skje dersom ein fjernar fedrekvoten?
Få Faktisk.no rett i innboksen. Klikk her for å melde deg på vårt ukentlige nyhetsbrev
30 år med fedrekvoten
Norge blei det første landet i verda med ei fedrekvote i 1993. Då var den fire veker.
Fedre hadde moglegheit til å ta ut permisjon heilt frå 1978, men svært få gjorde det, forklarer Anne Lise Ellingsæter ved Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi (UiO) og Institutt for samfunnsforskning.

I dag får både mor og far 15 veker permisjon kvar, som ikkje den andre kan ta. I tillegg kjem 16 veker fellesperiode, som dei deler som dei vil.
I praksis tar mor det meste av denne, seier Ellingsæter.
Ordninga har hatt fleire mål: Å etablere ein relasjon mellom far og barn, mor kjem tilbake i arbeidslivet og sikrar seg økonomisk, og det bidrar til å jamne ut arbeidsfordelinga heime.
Men ein liknande diskusjon om fedrekvoten har Noreg hatt før.
I 2014 ville Erna Solberg (H) si regjering kutte ned lengden på fedrekvoten.
Regjeringa ville la foreldra fordele meir av permisjonen som dei sjølv ville.
Dette såg dei på statistikken året etter, seier Ellingsæter.
Fedrekvoten blei korta ned frå 14 til 10 veker. Lengden på permisjonen fedrene tok, gjekk same veg.
I praksis tok dei så mykje permisjon som var øyremerka dei, sjølv om dei hadde ein felles periode dei kunne fordele som dei ville.
– Me såg ein «dump» i kor mange veker av permisjonen fedrar tok, fortel Ellingsæter.

Dette følger eit mønster, seier Ellingsæter.
– Noreg har ein tett samanheng mellom fedrekvoten og kor mykje permisjon fedrar faktisk tar. Empirien viser at fedrekvoten er viktig for at dei tar permisjon.
Ho legg til at det også er viktig å halde på at fellesperioden er valfri, og at ikkje meir av den blir øyremerka til mødrer. Elles vil det redusere sjansen for at far tar meir permisjon.
Slik ser fedrekvoten ut i dei nordiske landa:
Pappaperm = fleire barn
Korleis foreldrepermisjonen påverkar fødselstala, blei og tatt opp på Debatten av Linn Therese Solheim, leiar i Husmorhæren.
– Eg står her og tenker på at det blir sagt at landet treng meir arbeidskraft. Då antar eg også at det er interesse for at det blir født fleire barn i dette landet, sa Solheim.
Det er forska på kva fedrekvote gjer med fødselstala, men eit av funna kan overraske.
Når far tar permisjon, aukar sjansen for at han får barn nummer to og tre.
Det konkluderte forskarar ved Universitetet i Oslo og i Stockholm med i ein artikkel frå 2013.
Dei kan ikkje slå fast at fedrekvoten fører til fleire fødslar, fordi forskarane veit ikkje kva årsakssamanhengen er. Fedrane som tar permisjon, kan vere dei same som allereie ønsker fleire barn.
Tala viste likevel at då fedrane tok permisjon, fekk dei fleire barn.

Faktisk.no har vore i kontakt med Ingrid Olina Hovland og Linn Therese Solheim. Dei har førebels ikkje gitt ein kommentar.
Danmark: Valfri fordeling av permisjon
Danmark er det einaste landet i verda som har fjerna ein fedrekvote.
Regjeringa meinte at øyremerking var ei form for tvang, og at foreldra kunne sjølv dele permisjonen. Etter fire år med ein øyremerka fedrekvote, blei den fjerna i 2002.
I dag er Danmark landet som tar minst pappapermisjon i Norden. Dette kjem fram i ein analyse av Lotte Bloksgaard ved Aarhus Universitet.

Danske fedrar erfarte at ein fedrekvote skapte ein norm for å faktisk ta permisjonen.
I intervju med danske fedrar fann Bloksgaard at arbeidsgivaren venta at dei tok minimumstida på 14 dagar etter fødsel, men ikkje meir.
Politikarane som fjerna kvoten meinte den skulle vere kjønnsnøytral, men det er ikkje slik den blei oppfatta av fedrane.
Etter at kvoten blei fjerna, meinte fedrane at terskelen for å ta ut lengre permisjon blei høgare. Det var venta at mor var den som tilpassa arbeidskvardagen etter barn, ikkje far.
Dette er bakgrunnen for at Noreg, Sverige og Island har brukt «kjærleg tvang» med fedrekvote, som Linda Haas og Tine Rostgaard kallar det.
I 2022 fekk danske fedrar rett på 24 veker med permisjon på grunn av EU-regelverket. Då gjekk andelen igjen opp.

Island: Seint ute, men langt framme
I dag har islendingane den lengste fedrekvoten i Norden. Fedrane har fått seks månadar i øyremerka permisjon sidan 2021.

Betalt pappaperm i to veker blei utvida til tre månadar i 2000. Med éin gong denne endringa kom, tok 80 prosent av fedrane ut permisjon.
Då finanskrisa kom, kutta den islandske regjeringa i den betalte foreldrepermisjonen. Det førte til at fedrar blei mindre heime, fordi dei ikkje lenger hadde råd, skreiv Arbeidsliv i Norden.
Då fedrekvoten igjen blei utvida til seks månadar i 2021, snudde trenden: Fleire fedrar tok permisjon.
– Dei fleste undersøkingar viser at fedrar flest tar permisjon tilsvarande kvoten, uansett kor lang han er. Fedrekvoten blir forstått som far sin rett og plikt, medan mor ofte tar den delbare delen, seier forskar Sigtona Halrynjo ved Institutt for samfunnsforskning.
Krevande kabal i næringslivet

Erfaringane viser at viss ein vil at fedrar skal ta permisjon, må han ha ei øyremerka tid, seier Halrynjo. Tematikken blei diskutert av kollegaer i ein kronikk i Aftenposten 4. oktober.
Eit argument mot fedrekvoten er at samfunnet bør anerkjenne det usynlege arbeidet kvinner gjer i omsorgsarbeid. Å la mor få heile permisjonen kan kompensere for det biologiske arbeidet med graviditet, fødsel, barsel og amming.
Argumenta for fedrekvoten er at far får erfaring med å vere hovudomsorgspersonen for barnet, samstundes som arbeidslivet erfarer at både mor og far er borte frå jobb, seier Halrynjo.
Kva arbeid foreldre har, får mykje å seie. I privat sektor er det oftare forhold som kan legge press på far. Med konkurranse om kundar, prosjekt og bonusar kan det løne seg å avgrense fråvær og utsette permisjonen til den passar for jobben. Den moglegheita har ikkje mor – ho må ta permisjon når barnet kjem.
Fleksibilitet i pappapermisjonen i dag kan hindre likestilling heime og på jobb, ifølgje Halrynjo. Permisjonen kan delast opp og brukast inntil barnet fyller tre år.
– Viss far tar permisjon som forlenga ferie samtidig med mor, eller når barnet går i barnehage, mistar far erfaringa med å ha omsorg for barnet åleine. Karrieren til far blir mindre utsett, men opprettheld kjønnsskeive vilkår.