Artikkel
Dette veit vi om fattigdom i Noreg
Fattigdom kan reknast på mange måtar. Det handlar ikkje berre om kva du har på konto.

Fattigdom i Noreg har vore ei av dei meir diskuterte sakene denne valkampen.
Under den første partileiardebatten, som blei halden under Arendalsveka 11. august, var dette eit eige tema.
Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) peika på statistikk frå Statistisk sentralbyrå som syner at talet på fattige barn i Noreg går ned.
– Det er færre fattige barn no enn før, sa Støre.
– Samtidig ser folk at flere sliter, sa Frp-leiar Sylvi Listhaug.
Arild Hermstad (MDG) peika på at det framleis er mange barn i Noreg som lever i fattige familiar.
– Dei 100 000 barna som no veks opp i fattigdom, som går svoltne til sengs, som har foreldre som skammar seg fordi ungane ikkje har råd til å vere med på fritidsaktivitetar – dei må vi gjere eit løft for, sa Hermstad.
Ordskiftet synar at det er fleire måter å rekne på og snakka om fattigdom. Temaet også har blant anna blitt løfta av NRK gjennom Thomas Seltzer sin nye serie.
Få Faktisk.no rett i innboksen. Klikk her for å melde deg på vårt ukentlige nyhetsbrev.
Det er ei rekke ord, uttrykk og teoriar som er knytt til fattigdom. Det kjem vi tilbake til lenger ned i artikkelen.

Vil gi håp
Men for nokon er arbeidet mot fattigdom noko langt større og omfattande.
For midt under valkampen møter vi Mette Kalve og Elin Herikstad frå Frelsesarmeen.
På ein arena midt i Oslo sentrum, står dei og ser på ein av kampane i VM i gatefotball, som dei er med og arrangerer.
Spelarane er heimlause, fattige og rusmisbrukarar frå heile verda.
– Dei har kome så langt, men dei får berre vere med i eitt VM i livet, fortel Herikstad.
For dei to kvinnene er det å vere med å gi håp noko av det viktigaste.
Enten det er for eit fotballag frå Burkina Faso, eller det er for ein fattig barnefamilie i ei bustadblokk i Noreg.
– Mistar du håpet, så mistar du alt, seier Mette Kalve, som er politisk rådgjevar for Frelsesarmeen.
Ho er glad for at fattigdom her i Noreg har blitt eit tema denne valkampen.
Ulike begrep
Når partia og organisasjonane snakkar om fattigdom, så er det i stor grad basert på godt dokumentert forsking.
Oversikta nedanfor syner nokre av dei ulike vitskaplege begrepa som blir brukt:
Under valkampen har det blant anna fleire gonger blitt vist til dei ferskaste tala frå Statistisk sentralbyrå (SSB).
Dei er frå 2023 og syner følgjande:
- I treårsperioden 2021–2023 var det 96 200 barn under grensa for låginntekt her i landet, tilsvarande 9,9 prosent
- Dette er 6400 færre barn enn i 2020–2022
- SSB meiner auka barnetrygd ha bidrege til at fleire har kome seg over låginntektsgrensa
- Blant dei yngste barna er delen med låginntekt no 9,4 prosent, og det er her nedgangen har vore størst
- Framleis har seks av ti barn i familiar med låg inntekt innvandrarbakgrunn
SSB har også si årlege levekårsundersøking som tar for seg ei rekke ulike variablar som kan påverke livet ditt.
Tabellen under syner korleis ulike inntektsgrupper oppfattar om dei har økonomisk romslegheit og betalingsvanskar.
Tal i prosent, kvartil er eit statistisk begrep for deling av data i fire like delar.
Større behov
I eit av bygga til universitetet Oslo Met ligg kontora til Forbruksforskningsinstituttet Sifo.

Der møter vi den erfarne forskaren Silje Skuland.
Når politikarane snakkar om fattigdom, så er det ofte deira forsking det blir vist til.
– Det er naturleg at dette blir tema i valkampen og at politikarane presenterer løysingar for dei dette gjeld, seier Skuland.
Nyleg stod ho i spissen for ein Sifo-rapport på oppdrag frå Unicef.
Eitt av hovedfunna:
Sifo meiner deira forsking viser at småbarnsfamiliar med ei samla inntekt under 800 000 kroner er meir sårbare for å hamne i fattigdom i Noreg.
Særleg var 2023 eit vanskeleg år med kraftig prisstigning og generell dyrtid, meiner Sifo.
Skuland trekker fram døme:
- Har du barn i hushaldninga, så treng du ein større bolig, den kostar meir
- Du treng meir mat, som har blitt dyrare
- Du treng å dekke barna sitt behov for fritidsaktivitetar
– Det er veldig mange forventningar til barnefamiliar om kva dei skal klare å få til, seier Skuland.
Granskinga syner at halvparten av familiar med einslege forsørgjarar rapporterer om låg matsikkerheit.
I følgje rapporten betyr det at dei slit med å ha råd til nok og sunn mat til barna sine.
Dette gjeld særleg for familiar med låg inntekt og for dei som får sosialhjelp.
– Barnefamiliar har dårlegare matsikkerheit enn andre, og spesielt vanskeleg er det for einslege med barn, seier Skuland.
Unicef meiner at dette syner at prisauken på heilt nødvendige gode som mat, straum og bustad har skubba nye grupper ut i fattigdom.
– Sunn mat, stabil bustadsituasjon og deltaking i leik og fritidsaktivitetar er viktig for utviklinga til barn. Difor uroar denne rapporten oss, seier Elin Saga i Unicef.
Relativ fattigdom
Under valkampen har du kanskje høyrt ein politikar bruke uttrykket relativ fattigdom.
Dette er eit begrep som blei utvikla av den kjende britiske sosiologen Peter Townsend som ein del av omfattande forskning:

Dei fattige er personar som ikkje har tilstrekkelege ressursar til å delta i samfunnsaktivitetar som er vanleg akseptert i det samfunnet dei tilhøyrer.
P. Townsend (1979)
For Silje Skuland hos Sifo og andre forskarar er dette eit viktig begrep dei brukar i sitt daglege arbeid.
Relativ fattigdom i vestlege land står i total motsetnad til absolutt fattigdom.
– Absolutt fattigdom handlar om naud og kan dessutan målast sånn som kroppsvekt og kaloritap. Altså ei mykje meir, nesten litt naturvitskapleg forståing av det, seier Skuland.
Ho peikar på at det i Nord-Europa handlar om akkurat det Townsend skreiv i 1979.
– Hos oss handlar det mykje meir om å kunne delta i samfunnet på same måte som alle andre.

Ikkje berre pengar
Tilbake på Rådhusplassen i Oslo nærmar det seg slutten av kampen mellom Burkina Faso og Hong Kong i VM i gatefotball.
Mange av spelarane lever til vanleg under heilt andre forhold enn det dei fleste av oss her i landet ville ha godtatt.
Men fotballen og gleda av å skåre mål har vi til felles.
For kanskje er det slik at nettopp det å få sjansen til å delta på like vilkår, er like viktig som kva du har på konto?
Det handlar om begge deler, meiner Frelsesarmeen.
– Eg har jobba mykje med inkludering av barn og unge frå familiar med låg inntekt, fortel Elin Herikstad.
Som assisterande sosialsjef i Frelsesarmeen ser ho den norske fattigdomen på nært hald.
– Det å vere fattig handlar ikkje berre om å ha nok mat på bordet og tak over hodet. Det handlar om at barn og unge skal delta, for vi veit kor skadeleg det er å ikkje delta.
Organisasjonen har fattigdom i Noreg som fokus og sidan 2023 har dei publisert sitt fattigdomsbarometer saman med Opinion fleire gonger i året.
Granskingane bak barometeret blir utført med hjelp av dybdeintervju og økonomisk statistikk.

Vi spurte dei politiske partia følgjande likelydande spørsmål:
Kva faktagrunnlag brukar partiet dykkar i arbeidet med fattigdom i Norge?
Her er svara vi har fått:
Liv Müller Smith-Sivertsen, Rødt:
«Vi bruker et bredt faktagrunnlag, og vi har ikke én fast kilde som alle våre tillitsvalgte må forholde seg til. Vi referer nok mest til fattigdomsmålet EU60 og SSB, men også SIFOs undersøkelser over økonomisk trygghet og utrygghet har vært nyttige for oss.»
Håkon Block Vagle, Høyre:
«Høyre bruker i hovedsak offisiell statistikk fra SSB. Blant annet har vi brukt statistikken 09679 Personer i husholdninger med lavinntekt (EU- og OECD-skala) for å få oversikt over hvordan antallet i relativ fattigdom har utviklet seg de siste årene. (...) Vi har også brukt Husbankens årsrapporter, som gir anslag på antall bostedsløse. Se også SSBs rapport om drivere bak utviklingen om fattigdom blant barn.»
Thomas Tangen, Venstre:
«Venstre har brukt tall fra SSB og den regjeringsnedsatte ekspertutvalget om barn i fattige familier.»
Astrid-Therese Theisen, KrF:
«Vi har hovedsakelig brukt disse: SIFO, blant annet Unicef-rapporten, Frelsesarmeens fattigdomsbarometer, SSB.»
Solveig Igesund, SV:
«Ulikhet: SSB sine tall på Gini-koeffisienten: Slik måler SSB ulikhet
Levekårsundersøkelsen til SSB på «fattigdomsproblemer»:
Fattigdomsproblemer, levekårsundersøkelsen – SSB
Barn i lavinntektshushald: Barn i lavinntektshusholdninger – SSB
Frelsesarmeens fattigdomsbarometer: 1 av 3 har fått dårligere økonomi siste halvår – Frelsesarmeen.»
Jostein Nissen-Meyer, Frp:
«Vi har tidligere brukt Frelsesarmeens fattigdomsbarometer og Sifo sine rapporter. Senest brukte vi denne fra UNICEF/Sifo.»
Axel Klanderud, MDG:
«MDG bruker flere ulike kilder i arbeidet vårt på dette feltet. To særlig gode kilder vi bruker er nav sin statistikkdatabase og tall fra SSB om økonomi og fattigdom i befolkningen. Disse gir gode innblikk i utviklingen i Norge, og tall fra mange ulike år som viser historisk utvikling. Så beklager vi oss også på forskning fra ulike fagmiljøer, som for eksempel Fafo.»
Trine Bilet, politisk sekretær i Barne- og familiedepartementet (Ap)
«BFD arbeider kontinuerlig med å innhente ny kunnskap og forbedre data og statistikk om barn som lever i fattige familier, som en del av departementets forvaltningsansvar for politikkområdet.
BFD har i tildelingsbrevet for 2025 gitt Bufdir i oppdrag å utvikle supplerende fattigdomsindikatorer, med utgangspunkt i SSBs utredning av supplerende fattigdomsmål (som også har bakgrunn i et tidligere oppdrag fra BFD til Bufdir).
Målet er å ta i bruk flere indikatorer som samlet kan gi et mer helhetlig og dekkende bilde av situasjonen til barn i fattige familier og i større grad si noe om hvilken effekt ulike tiltak har på barnefamiliers økonomi. Bufdir har, i dialog med BFD, besluttet å gå videre med følgende indikatorer:
Barn i vedvarende lavinntekt justert for formue.
Disponibel inntekt justert for boutgifter og barnepassutgifter (her må SSB først gjennomføre et forprosjekt).
Barnefamilier med fire eller fem materielle mangler (f.eks. ikke råd til å gå til tannlege eller erstatte utslitte klær).»