Artikkel
Trur endringane vil skyte fart fram mot dei neste vala
Det er 36 år sidan så mange stemte ved stortingsval. Sterk auke i bruk av sosiale medium er ein del av årsaka, meiner forskar.

Vi skrur tida tilbake til måndag 8. september.
I ein møtesal på eit hotell i Oslo har Generasjonspartiet valvake og stemninga er intens.
Partileiar Gyda Oddekalv står midt i folkemengda, tydeleg rørt og engasjert.
Journalisten spør kva slags kjensler som rører seg akkurat no.
– Vi har så vidt byrja. Det brenn under huda mi. Eg gler meg til resten av livet mitt. Eg er så nært på livet. Det er dritdeilig.
Nokre timar seinare er resultatet klart, 0,7 prosent av stemmene – i overkant av 21 600 menneske – gjekk til Oddekalv og partiet hennar.
Ingen stortingsplass, men eit godt grunnlag, meiner Oddekalv.
Ho var ein av politikarane som fekk størst merksemd denne valkampen, ikkje minst i sosiale medium.
Særleg etter den svært omdiskuterte Dagsnytt 18-sendinga, der Oddekalv blei beden om å forlate studio.
Få Faktisk.no rett i innboksen. Klikk her for å melde deg på vårt ukentlige nyhetsbrev.
Flyttar fokus
Årets valkamp flytta seg meir frå tradisjonelle redaktørstyrte medium til TikTok og andre sosiale plattformer.
Ei utvikling forskar Niels Nagelhus Schia meiner at alle må vere merksame på.
Han minner om at det berre er to år til neste nasjonale val, kommunevalet i 2027.
– Vi må passe på å ta vare på dei demokratiske verdiane i møte med desse endringane, meiner Schia.
Ei gransking gjennomført av Norstat for NRK før valet viste at 1 av 4 sa dei ville bruke kunstig intelligens (KI) for å finne ut kva dei skulle stemme.
– Det kan peike på ei fragmentering i kva informasjonskjelder folk nyttar når dei skal gjere seg opp ei meining og velje, seier forskaren.
Ifølgje Schia går fragmenteringa både på alder og generasjonar.

Støtte og motstand
På Generasjonspartiet si valvake blir det servert solide biffar og noko godt i glaset.
Her er det ingen motstand å spore.
Men motstand, side om side med støtte, er det mykje av i dei mange tusen kommentarane ho har fått i videoane ho har delt på TikTok.
TikTok har blitt ein etablert del av den politiske offentlegheita i Noreg. Difor har Faktisk.no saman med NRK, som del av ein artikelserie, kartlagt politikarar, politiske parti og politiske influensarar på TikTok.
I dette arbeidet har vi sett på profilerte politikarar og politiske influensarar, mellom anna Gyda Oddekalv.
Grafen under syner korleis kommentarane fordeler seg som støtte og motstand på TikTok-videoane hennar.
Den neste grafen syner talet på visningar på videoane ho har posta.
Den viser at ho fekk definitivt mest støtte i kommentarane i tida før ho deltok i TV-programmet «20 stjerners sommerferie», med premiere 30. juni.
Etter at ho var med på Dagsnytt 18, fekk ho nær like mykje ros og kjeft.
Får millionar
Sjølv om det ikkje blei plass på Stortinget, var valet uansett ein siger, meiner Oddekalv.
– Eg kosar meg og gjer så godt eg kan heile tida. Då går det så godt som det kan gå. Meir kan ikkje eg gjere, så då må eg kose meg med det, seier Oddekalv.
Økonomisk betyr det òg mykje for eit lite parti å få meir stemmer.
For sentralpartia vil talet på stemmer frå årets val vere avgjerande for kor mykje støtte dei får per stemme i åra 2026–2029, opplyser Terje Risberg i Statistisk sentralbyrå.
- I 2025 er støtta til kvar stemme 117,7932 kroner. Dette vil kunne bli endra i statsbudsjettet for 2026.
- For Generasjonspartiet vil det totalt sett utgjere om lag 10 millionar kroner fordelt på fire år.
Stadig viktigare
Forskar Niels Nagelhus Schia meiner at Generasjonspartiet sin valkamp fortel korleis nye medium spelar ei stadig større rolle.
– Det illustrerer veldig godt korleis ein kan bruke det nye informasjonslandskapet til å fremje kandidatar eller seg sjølv voldsomt.
Schia meiner at både politikarane og veljarane må bli langt meir merksame på at medielandskapet er i endring.
Kor tydeleg dette har slått inn på årets valresultat, er for tidleg å seie. Det vil valforskinga vise.
Men internasjonal forsking så langt viser at algoritmestyrte medium og informasjonskjelder favoriserer polarisering og provoserande innhald, seier Schia.

Høg valdeltaking
Schia trur det vil få større innverknad ved framtidige val – både lokalvalet om to år og stortingsvalet om fire år.
– Det går berre den vegen. Då sosiale medium kom for fullt, gjekk vi raskt i gang utan å tenkje mykje over konsekvensane. No har vi moglegheit til å gjere det. Det er både utfordringar og fordelar med det.
Oppslutninga ved valet i år er den høgaste på 36 år. 79,9 prosent av dei røysteføre brukte stemmeretten sin.
– Det kan tyde på at endringar i informasjonslandskapet faktisk også bidreg til engasjement og deltaking, meiner Schia.
Men han peikar på at sosiale medium er utvikla av internasjonale selskap som er styrt av profitt, ikkje demokratiske verdiar.
– Det svekkjer vår nasjonale kontroll over informasjonsflyten og kan påverke demokratiet negativt, meiner Schia.

– Alle må på bana
På spørsmål om kven som har ansvar for å følgje med på utviklinga, svarar Schia at det gjeld oss alle.
– Redaktørstyrte medium må ta i bruk ny teknologi og vere attraktive for publikum. Staten må òg vere på ballen. Alle må kome på bana og sjå kor dette treff deira arbeidsområde.
Han peikar særleg på at utanrikspolitikk og teknologi heng tett saman.
– Ei framoverlent regjering vil vere viktig for å ivareta demokratiske verdiar og norske interesser internasjonalt.

Annullerte presidentvalet
Schia viser til valet i Romania i 2024 som eit døme på kor dramatisk dette kan slå ut.
Ein ukjend politikar gjekk frå null til 25 prosent på kort tid, ved hjelp av massive kampanjar på TikTok.
Valet blei seinare annullert på grunn av fordekte påverkingsoperasjonar.
– Meta har varsla at dei vil slutte med politisk annonsering på sine plattformer. Då vil bodskapa og pengane finne nye vegar – gjennom influensarar og andre sosiale medium, seier forskaren.

Trur det blir viktigare
På valvaken til Generasjonspartiet klirrar det i glas før jubelen igjen tar av.
Gyda Oddekalv går på scena, tar tak i mikrofonen og manar til innsats for partiet.
For ho er valet no uansett det første steget, og også ho trur sosiale medium blir viktigare fram mot dei komande vala.
Sjølv hevdar ho hardnakka at ho er tolmodig og klar til å vente på nye moglegheiter.
– Ja, definitivt. Eg har jobba mange år på sjukeheim, så det er eg vant til.