Faktasjekk

Har Noreg meir ungdomskriminalitet enn før?

Politikarar er bekymra og usamde. Det er teikn som tydar på at ungdomskriminaliteten er på frammarsj. Samstundes viser andre tal at han er lågare no enn for 20 år sidan.

Ungdomskriminalitet er gjengåande tematikk i politikken, også før valkampen.
Publisert

Lukk

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden nedenfor på siden der du vil bygge inn denne artikkelen.

Tilpass innebygd innhold







Påstand:

Dei siste fire åra (2021–24) har me sett ei voldsom negativ utvikling i ungdomskriminalitet.

Sylvi Listhaug (Frp), i Dagsnytt 18, 26. august 2025

Konklusjon:

Ifølgje SSB har siktingar mot personar under 18 år stige frå 2021 til 2024. Frå 2023 til 2024 var det ein svak nedgang.

Ungdomskriminalitet har vore stridstema i norsk politikk i ei årrekke. Også i denne valkampen.

Temaet sto for debatten då partileiar for Frp, Sylvi Listhaug, møtte justisministar Astri Aas-Hansen (Ap) i Dagsnytt 18 26. august.

Dei er usamde om utviklinga.

Listhaug meiner at ungdomskriminaliten har hatt ei sterkt negativ utvikling dei siste fire åra.

Aas-Hansen meiner derimot at me ser ein nedgang i meldingar mot ungdomskriminelle. Ho hevdar at valdssaker har gått ned med 15 prosent i Oslo, og at det kjem færre meldingar første halvår i år samanlikna med første halvår i fjor.

Har me fått mer ungdomskriminalitet enn før?

Få Faktisk.no rett i innboksen. Klikk her for å melde deg på vårt ukentlige nyhetsbrev.

Kva seier tala?

SSB sin statistikk for «Etterforskede lovbrudd» finn ein denne utviklinga for alle typar lovbrot dei siste fire åra for personar under 18 år: 

Tala til SSB viser at ungdomskriminaliteten har stige frå 2021–2024. Frå 2023 til 2024 var det ein svak nedgang. 

Faktisk.no har vore i kontakt med Frp for å få presisert kva utvikling utsagnet til Listhaug om ungdomskriminalitet bygger på.

Rådgjevar Jon Helgheim i Frp viser då både til tal frå Oslo tingrett og frå SSB. 

Helgheim legg til for Faktisk.no at Listhaug på Dagsnytt 18 sikta til den ungdomskriminaliteten som er knytta til vald. 

SSB sine nasjonale tal for denne kategorien ser slik ut:

Tala på valdsbrot blant unge under 18 år har altså stige sidan 2022. 

Helgheim i Frp peikar også på at denne statistikken viser at det for denne kategorien har vore ein auke dei ti siste åra.

Oslo under lupa

Ser me spesielt på Oslo, auka ungdomskriminaliteten då pandemien gjekk mot slutten. Slik John Helgheim i Frp nemner, finst nye tal frå Oslo tingrett som også viser tal i vekst. 

Nyleg melde Oslo tingrett om ei dobling av straffesaker mot ungdom under 18 dei siste tre åra (første halvdel av 2022–2025). Ein ser i bildet nedanfor at talet har dobla seg frå 27 til 54 saker.

Den blå streken (ungdom under 18 år) viser ei dobling i straffesaker i Oslo tingrett sidan 2022. Veksten er endå større hos ungdom over 18 år. Den grøne streken representerer dagar i retten, der er auken på 100 prosent, og er eit uttrykk for alvorsgraden i sakene.

Prosjektet Hurtigspor U18 (Under 18) frå Oslo tingrett merkar seg at det kjem fleire straffesaker mot ungdom, fleire blir varetektsfengsla, og sakene blir meir alvorlege enn tidlegare.

Totalt var 2500 ungdomssaker under etterforsking av Oslo politidistrikt i 2024. I 2022 blei tolv ungdommar varetektsfengsla, og i 2024 steig talet til 33. I første halvdel av 2025 låg 54 straffesaker for U18. 

Fleire av desse sakene er knytt til samme individ – altså at vedkommande er involvert i fleire, separate saker under etterforsking. Kvar sak representerer ikkje naudsomt éin ny ungdom.

Vald og ran står for fleirtalet av sakene med ungdomskriminalitet frå Oslo tingrett

Aas-Hansen sa i Dagsnytt 18 at pilene peikar nedover for ungdomsvald. Ifølge ho har meldingane om vald blant ungdom under 18 år i Oslo gått ned 15 prosent frå første halvår i 2024 til første halvår i 2025. 

Desse tala kjem frå ein rapport frå Oslo-politiet publisert i august 2025.

Det er snakk om 73 færre saker. Nedgangen er frå 482 saker i første halvdel av 2024 samanlikna med 409 saker ved første halvdel av 2025.

Høgt, men stabilt

Nasjonale tal frå Riksrevisjonen viser utviklinga av ungdomskriminalitet sidan 2002. Grafen viser at ungdomskriminaliteten var totalt høgare på tidleg 2000-talet enn i dag.

2015 var året med den lågaste raten for barne- og ungdomskriminalitet sidan årtusenskiftet i 2000. Dette året blir omtala som eit «bunnpunkt».

Utviklinga i den registrerte kriminaliteten blant 15–17-åringar har vore relativt stabil frå 2021–2023.

Sidan 2021 har derimot talet på personar under 15 som bryt lova, auka.

*Tala i statistikken på sikta under 15 år kan ikkje samanliknast direkte med tala for dei eldre aldersgruppene. Tala for dei under 15 år blir telt annleis fordi dei er under kriminell lågalder. Likevel kan tala vise ein tendens i utviklinga i meldingar av barn som bryt lova (SSB, 2024a, oppdatert 25. april 2025). Kilde: Statistisk sentralbyrå (2024c).

Samanlikna med åra før pandemien stemmer det at ungdomskriminaliteten har auka både for 2023 og 2024.

Om ein ser ti år tilbake i tid, har fleire barn under den kriminelle lågalderen (15 år) hamna i statistikken for lovbrot enn tidlegare.

Ser me derimot 20 år tilbake i tid, har me totalt færre ungdomskriminelle i dag. 

Med andre ord: Korleis du tolkar tala, avheng av kva du samanliknar dei med.

Alvorlege utviklingstrekk

Ei ekspertgruppe utnemnt av Regjeringen har jobba med å foreslå tiltak for barn og unge som begår lovbrot gjentatte gongar. Dei er spesielt bekymra for auken etter 2015 av barn under 15 år som begår lovbrot. 

Fleire personoffer er under 15 år enn tidlegare, og omfanget i kriminaliteten har blitt meir alvorleg.

Ekspertgruppa anslo at i 2023 var omtrent 800 barn under 18 år sikta for alvorleg eller gjentatt kriminalitet i Noreg. Utifrå SSB-tal anslo dei at 177 av barna blei sikta for minst ti lovbrot dette året.

Likevel påpeikar ekspertgruppa at fleire barn i tidsrommet 2002–2009 blei sikta for gjentatt eller alvorleg kriminalitet enn for dei siste åra etter pandemien.

Automatisk bortlagd

Samstundes må det understrekast at måten ein registrerer statistikk for dei under 15 år, er annleis enn for dei som er over den kriminelle lågalderen.

Er du under 15 år, blir du ikkje rekna for å vere strafferettsleg ansvarleg reint juridisk. Difor blir sakene vanlegvis bortlagd, uavhengig av om personen er skuldig eller ei. 

Lovbrotet blir rekna som «oppklart», og registeret tar med personen i statistikken over ferdig etterforska lovbrot.

Då blir talet på sikta under 15 år høgt samanlikna med korleis ein tel saker blant dei som er over den kriminelle lågalderen.

Tala for den yngste aldersgruppa kan ikkje bli samanlikna med dei eldre aldersgruppene, påpeikar ein fersk rapport frå Riksrevisjonen.

– Utviklinga og omfanget av meldingar av barn yngre enn 15 og dei mellom 15-17 år og eldre ser ulik ut i dei fleste statistikkane. Å snakke om utviklinga for «all ungdom» gir ikkje så mykje meining då. Særleg ikkje i snevre tidsperiodar – og utan omsyn til spesielle nivå i pandemiåra, seier seniorrådgjevar i SSB, Reid J. Stene.

Lukk

Bygg inn artikkelen

Kopier og lim inn HTML-koden nedenfor på siden der du vil bygge inn denne artikkelen.

Tilpass innebygd innhold